søndag 20. januar 2019

Lykke

pixabay.com











 

Som to Formel 1-køyrarar
ruller vi inn på Depot

Får sjekk og skift
og alt vi treng
til ferda vidare

Og kva er det vi får?

Lykke er det
Lykke - noko som presser på
i bringa
sit litt fast i halsen, og
vil litt opp i ganen

kor rart

godt og vondt på same tid

Det er det vi får.

tirsdag 1. januar 2019

Mållaus

Skodde tung
heng over det heile

Målet er i skoddehavet

Rådvill, trøtt 

Ein venn stør meg på eine sida
for den andre har eg krykka mi